© 2019 by Motvind Kulturlag.

Kontakt oss på motvindkulturlag@gmail.com

Motvind Kulturlag er ein paraplyorganisasjon som foreløpig omfattar Motvindfestivalen, Motvind Records og Magasinet Motvind. Føremålet med laget er å formidle eit breidt spekter av kulturuttrykk gjennom ulike kanalar, såsom festival, plater, magasin og på sikt bøker, friluftslivarrangement, seminrar og liknande. Vi opererar utan sjangerbegrensingar og brenn for å søkje etter det som har i seg ei kraft som ikkje kan skildrast med språket vårt per i dag, men som alle kan oppleva, uavhengig av kulturell bakgrunn.

 

Samstundes vil vi rette søkjelyset mot at norsk kulturliv i desse dagar vert invadert av slike selskap som Kongsberg Gruppen, Nammo og Equinor. Dette er problematisk, vi meiner at selskap som profitte ar på våpen, ammunisjon og olje ikkje høyrar heime i feiring av kunst og kultur. Vi oppfattar denne sponsinga som ei reinvasking av selskapa si samvit og ei tildekkjing av deira lyssky geskjefter. Trass i denne høge peikefingerføringa er Motvind Kulturlag framfor alt pro-fred, pro-friheit og pro-kvalitet skunst - vi ynskjer å byggje kultur, ikkje rive ned.

 

Vi trur at god kultur berre kan byggjes om fleire står saman. Difor ynskjer Motvind Kulturlag å verte ein medlemsorganisasjon der alle som vil bidra med sine idear kan melde seg inn.