om oss

Motvind Kulturlag er ein paraply-organisasjon som foreløpig omfattar Motvindfestivalen, Motvind Records og Magasinet Motvind.

Føremålet med laget er å formidle eit breidt spekter av kulturuttrykk gjennom ulike kanalar, såsom festival, plater, magasin og på sikt bøker, friluftslivarrangement, seminarar og liknande. Vi opererar utan sjangerbegrensingar og brenn for å søkje etter det som har i seg ei kraft som ikkje kan skildrast med språket vårt per i dag, men som alle kan oppleva, uavhengig av kulturell bakgrunn.

Samstundes vil vi rette søkjelyset mot at norsk kulturliv i desse dagar vert invadert av slike selskap som Kongsberg Gruppen, Nammo og Equinor. Dette er problematisk, vi meiner at selskap som profittear på våpen, ammunisjon og olje ikkje høyrar heime i feiring av kunst og kultur. Vi oppfattar denne sponsinga som ei reinvasking av selskapa si samvit og ei tildekkjing av deira lyssky geskjefter. Trass i denne høge peikefingerføringa er Motvind Kulturlag framfor alt pro-fred, pro-friheit og pro-kvaliteskunst - vi ynskjer å byggje kultur, ikkje rive ned.

Vi trur at god kultur berre kan byggjes om fleire står saman. Difor ynskjer Motvind Kulturlag å vera ein medlemsorganisasjon der alle som vil bidra med sine idear kan melde seg inn.

Kontaktinfo

Motvind Kulturlag

Magasinet Motvind

Motvind Records

Motvindfestivalen